Sist helg hadde eg endelig tannfeen på besøk med en liten pakke med deler

Var mykje fineveir denne helga, så det blei meir kjøring enn det blei skruing

Men litt er blitt gjort. Har skifta ut alle morkne vacumslanger med nye og skifta pluggledningane. En kompis hadde også liggande en MSD-fordelar som vi tenkte vi skulle prøve å sette på. Når vi monterte av den gamle, så såg vi fort at den ikkje var mykje å samle på

MSD-fordelaren blei satt på ned på den originale rotoren og kondensatoren som stod i bilen, så helt optimalt er det ikkje. Men fyyyy flate for en forskjel det var etterpå!!!!
Neste oppgave for bilen er å montere nye motorfester og nye bremseklosser framme. Så skal tenning og forgasser sjekkast og justerast i håp om å få vekk den siste lisje fjuskinga motoren nå har.
At eg har fått fram kansje 60-70 meir hk nå enn da eg henta bilen, så trur eg ikkje at eg lyg mykje.
Største problemet nå er at gearkassa er heilt utslitt. Når eg var å henta bilen, så hadde den problem med kassa at den gearet for raskt frå andre til tredje. Eg har funnet ut at det er på grunn av at det er ventilane i kassa som er utslitt og henger, og så er mest sansynlig lamellene ganske utslitt. Men eg håper på at kassa skal holde ut sesongen.
Eg har fått tak i ei brukt 350 B.O.P kasse som eg skal overhale og sette inn i løpet av vinteren. Eg vurderer også å ta ut motoren for å få skifta tetninger på veivakslingen som lekker litt og sjekke tilstanden på den innvendig.
En liten bildeserie av bilen frå sist helg:



