Hei. Har dette problemet ei forhistorie ?
Har du gjordt endringer nylig ?
Kjekkt å vite om vi skal hjelpe deg...
Dersom der er likheiter mellom Chevy og mopar på dette feltet, foreslår eg følgende;
Alternativ 1, feil på mekanisk link.
Opne lokk på hovudbremsesylinder (reservoar), helst med ein håndduk under, og la nokon trå på bremsa.
Du skal då sjå ein liten sprut med br.veske komme opp....i begge kammer.
Gjer dette fleire ganger, trå hardt på bremsa, for å sjekke at du ikkje har luft i systemet
Geysir-sprut inntreffer før stempel inne i sylinder tetter når den passerer hull i reservoar...
Dersom hvilestillingen (bremser av) er feil justert,...går ikkje stempel nok tilbake, og følgeleg går ikkje bremsen heilt av.
Er der feil justering andre vegen,..får du mykje geysir...og vandring på pedal før bremsen vert aktivert....
Alternativ 2.
Non return ventil i hovud bremse sylinder. (NB SJEKKE DENNE FØRST, DÅ DU KAN FÅ SYMPTOMA SOM I ALTERNATIV 1)
For biler med trommelbremser, er det vanleg at der er NR-ventil på hovud bremse sylinder.
Dette hindrer br.veske frå å returnere tilbake til reservoar....merkelege greier egentleg.
Husk at tilkopling for bakbremser er mot fremste kammer på hovudbremse sylinder.
Då bakbremser ofte er trommelbremser bør der helst vere NR-ventil på dette utløpet....har høyrt om folk som er OK utan NR-ventil,...men har IKKJE prøvd sjølv...
Skulle du ha ein hovudbremse sylinder for 4xtrommelbrems, må du fjerne NR-ventil funksjon på frambremse = bakeste tilslutning....
Kansje kan du stikke hull ved ein redskap inn gjennom utløpet i hovud sylinderen ?
I overhaling prosedyren eg har lest,..skal ein finne ein skue som passer inni den bronse-konen på utløpet,..og nappe den ut...på baksiden kan der då vere ein gummi duppedirt som er NR-ventil...dette for overhaling altså...
Om du suger opp all bremseveske med filler,...og kopler fra bremserøra....klarer du då å blåse luft tilbake til bremse sylinder-reservoaret? (Ein nr-ventil vil hindre dette....)
Ohh well,...god løk, og tell us kor de gikk med skiten...